.. det du betalar for.

No er det berre nokre veker att til Game Of Thrones byrjar med sesong 3 for alle som har HBONordic.
Eg har gleda meg i fleire veker og er skikkeleg gira no.

Mange klagar over at tilbodet HBONordic har lansert i Norge ikkjer er godt nok og vel heller å halde fram med piratnedlasting av serien. Personleg meinar eg at dette er hykleri. Det store argumentet piratnedlastarar har nytta i alle år er at innhald ikkje er tilgjengelig for dei på anna måte. Dersom innhaldet ER tilgjengelig, kjem det som regel 8 mnd etter det vert vist i opphavslandet. Dette var argument eg óg nytta. Men samtidig var eg ein av dei første til å byrje å kjøpe musikk den dagen iTunes Store kom til Norge. Då dei i USA følgde på med TV Seriar og filmar, var eg ikkje snau med å skafffe meg adresse, og konto i USA, så eg kunne sjå episodane av favorittseriane mine berre timar etter at dei vart synte “der borte.”

Sjølvsagt var ikkje dette heilt lovlig jfr reglementet til Apple, men eg meinar at å tøye reglane litt FOR å kunne betale for ei teneste uansett er betre enn piratlasting.

På same måte var eg blant dei første til å hoppe på både Netflix, HBO og nyleg TV2 Sumo etter kvart som desse tenestene har vorte tilgjengelege. Så lenge ein innhaldsleverandør har kvalitetsprogram, er eg villig til å betale for det. Kva skjer om INGEN betalar?
Ein får ein peikepinn om ein ser på kor mykje reality TV der er på skjermen i dag. Dette kostar nesten ingenting å lage, og genererer sjåartal nok til at produksjonsselskapa kan tene pengar. Og det er det som tel til slutt.

Ei lita anekdote frå 2005.
Då den amerikanske versjonen av The Office kom var eg tidlig ute med å laste den ned frå nettet, men den siste episoden var vanskelig finne. Då iTunes Store lanserte TVseriar var The Office ein av dei profilerte seriane deira. Derfor gjekk eg inn der og kjøpte episoden. Sidan eg jar eit usunnt forhold til samling, kjøpte eg like godt dei andre episodane også, berre for å ha sesongen komplett.
Den våren bestemte NBC seg for å legge ned The Office etter ein sesong, grunna låge sjåartal. Mn i løpet av sumarferien fekk sjefane i NBC ei hyggeleg melding frå Apple, med ein sjekk. Inntektene frå sal av enkeltepisodar hadde meir enn kompensert for dei låge reklameinntektene serien hadde hatt. Dette førte til at dei laga ein sesong 2. Den vann fleire Emmy-prisar og vart ein kassasuksess for NBC. Den er no i sin 8. Sesong og er rangert som ein toppserie i USA (og verda forøvrig.)

Denne anekdota fortel kvifor ein bør betale for innhald. Om du tykjer at noko er godt nok til at du vil sjå meir av det, betal for det. Ikkje tru at “alle andre betalar, då treng ikkje eg..” Video On Demand, eller alà carte nedlasting er forbrukarmakt og demokrati i praksis. Ved å bruke stemmeretten, i dette tilfellet lommeboka, er du med på å bestemme kva som er verdt å behalda og ikkje. Då har du betalt for retten til å sutre om favorittserien din vert lagt ned, eller om favorittbandet ditt legg karriera på hylla for å fullføre advokatutdanninga si.

Ei rask oversikt over norske lovlige alternativ til piratnedlasting;

Musikk: iTunes, Spotify, Beat, Whimp, Radioplay.
Film/TV: HBONordic, NRK.no, Netflix, TV2 Sumo, Viaplay, Canal Plus Go.

Eg er ein serienerd, eg føl til ei kvar tid 20 seriar. Dei fleste kjøper eg på iTunes eller ser på HBO. Somme ser eg på Hulu og Netflix. Eg betalar for alt saman, og det kostar meg mindre enn om eg framleis skulle hatt full pakke frå CMore eller Viasat. Det treng ikkje vere dyrt.

Mange argumenterer med at kvaliteten på dei digitale tenestene, spesielt dei som brukar streaming, ikkje er like god som torrentfilar. Til dei har eg to ting å sei:

Ein MP3 er ein MP3 er ein MP3. Dersom du nyttar deg av ei datamaskin til å lytte til lydfilar, vil der alltid vere eit kompromiss mellom kvalitet og filstørrelse. Er du verkeleg oppteken av lydkvalitet må du kjøpe SACD eller DVDaudio. Om du ikkje merkar forskjell på CD og høgare kavalitet bør du heller ikkje henge deg opp i lydkvaliteten på ein mp3. Nettbutikkar i dag tilbyr ganske god oppløysing til ein rimeleg penge. Digital distribusjon gjer også marknaden open for mindre band og bidreg dermed til demokratisering av musikkbransjen.
Etter kvart som mannen i gata får tilgong til betre bandbredde, og større lagringsplass, vil også lydkvaliteten på digitale filar auke proporsjonalt med kapasiteten. Snart kan du kjøpe songar på iTunes som er mastra direkte til digitalt, utan å ha vore innom det underlegne CDDA formatet som så mange audiofile heldt fram som gullstandard.

Ser leverandørane at der er ein marknad for tenestene, vil dei ønske å forbedre dei og trekke til seg fleire kundar. Jo større interesse, jo betre insentiv til å gjere produktet betre. HBO tilbyr HD til pc/mac og Samsung SmartTV, dei vil snart tilby HD til fleire.

Oppdatert 1.april med avsnittet til slutt.